Søknadsfrist: 06.06.2010
Arbeidsgiver:
Statens vegvesen
Kontaktperson:
Ivar Thorkildsen
Tlf: +47 51911713
Arealplankontaktar og saksbehandlarar
I Statens vegvesen Region vest er det ledige stillingar innan fagområda arealplanforvaltning og saksbehandling ved seksjon Plan og Forvaltning i Rogaland fylkesavdeling. Kontorstad vil for tida vere i Haugesund og på Stord. Det må kome fram i søknaden kva stilling og kontorstad du ønskjer, evt. i prioritert rekkjefølgje.
Arbeidsoppgåver:
- Saksbehandling med heimel i Plan og bygningslov og Veglov (arealplanar frå kommunane og retting av ulovlege tiltak langs riks- og fylkesvegar m.m.)
- Plantypar som er under behandling - Kommuneplanar, kommunedelplanar og reguleringsplanar etter Plan og bygningslova.
- Oppgåver innan Nasjonal Transportplan og Handlingsprogram.
- Deltaking i kommunal areal- og transportplanlegging, behandling av regulerings- og kommuneplanar samt trafikktekniske og transportfaglege vurdering av planer.
- Saksbehandling: Fartsgrenser, avkjørsler, trafikksikring
- Ymse forvaltningsoppgåver.
Kvalifikasjonskrav
- Eksamen frå universitet eller høgskule innan areal- og vegplanlegging, med relevant linje og fagkombinasjon, minimum 3 år. For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.
- Erfaring frå nemnde arbeidsområde er ønskjeleg, men nyutdanna vil
også bli vurdert. - Ønskjeleg med god datakunnskap
Personlege eigenskapar som blir vektlagde:
- God kommunikasjonsevne.
- Gode evner til samarbeid.
- Evne til å arbeide sjølvstendig.
- Gode evner til å ta initiativ og vere kreativ
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
Vi kan tilby:
- Løn etter lønssteg A44 f.t. kr. 350 000 til lønssteg A68 f.t. kr. 536 900 brutto pr. år avhengig av kvalifikasjonar. I særlege høve kan høgare løn drøftast. Frå løna blir det trekt 2% pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.
- Interessante og sjølvstendige arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø.
- Fleksibel arbeidstid.
Etaten har likestilling som mål. Det er eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetning, samt å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Vi oppfordrar kvinner og personar med innvandrarbakgrunn til å søkje stillinga, samt personar med redusert funksjonsevne.
Vi gjer merksam på at opplysningar om ein søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom dette ikkje blir teke til fylje, vil søkjaren bli varsla.
Send søknad via vår jobbportal på www.vegvesen.no/jobb (stillingsnr. 3-049-10)
Søknadsfristen er 06.06.2010
Nyheter
Ledige stillinger på RSS.
