Søknadsfrist: 08.08.2010
Arbeidsgiver:
Statens vegvesen
Kontaktperson:
Gunhild Vangsnes
lars.oyre@vegvesen.no
Tlf: +47 55516834
Byggjeleiarar- kontrollingeniørar- byggherrestøtte
I Statens vegvesen Region vest er det ledige stillingar som byggjeleiarar, kontrollingeniørar og byggherrestøtte knytt til avdeling Hordaland på :
• Vegseksjon Voss og Hardanger, kontorstad på Voss eller i Odda
• Vegseksjon Nord-, Midt- og Sunnhordland, kontorstad i Bergen eller Knarvik.
Det må kome fram av søknaden kva stilling og kontorstad du ønskjer, ev. i prioritert rekkjefølgje. Alle stillingane inngår i byggherrepoolen i regionen.
BYGGELEIAR/KONTROLLINGENIØR
Stillingane vil i hovudsak vere knytt til byggjeleiing, enten til investeringsprosjekt eller drift og vedlikehald. Vi gjennomfører både små og store tiltak med ulike utfordringar. Med grunnlag i erfaring, og kvalifikasjonar elles, vil ein få oppgåve som byggeleiar eller kontrollingeniør. Erfaring innan vegbygging er ein fordel, men vi oppfordrar og nyutdanna til å søkja.
For byggjeleiar og kontrollingeniør vil omfanget av arbeidsoppgåvene kunne variere.
Aktuelle arbeidsoppgåver:
• Ta del i prosjekteringsarbeid og utarbeide konkurransegrunnlag for prosjekt.
• Ta del i anbodsprosess
• Delta aktivt i helse, miljø og tryggleiksarbeid (HMS)
• Rapportera og følgje opp kvalitet, framdrift og økonomi
• Følgje opp entreprenøren sitt kontraktarbeid
• Avslutte og dokumentere gjennomførte tiltak
• Kontakt med kommunar og grunneigarar
Kvalifikasjonskrav:
• Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år, med kompetanse innan bygg- og anleggstekniske fag eller tilsvarande. For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.
• Førarkort for bil (klasse B)
BYGGHERRESTØTTE
Stillinga som byggherrestøtte inneber at ein hjelper byggleiinga/seksjonsleiinga med å halde kontroll og oversikt over saker knytt til byggeleiing på investering og drift/vedlikehaldsprosjekt.
Aktuelle arbeidsoppgåver:
Arbeidsoppgåvene er varierte og den som vert tilsett kan bli tildelt oppgåver innan:
• Rekneskapsoppfølging/rapportering av kontraktar / prosjekt
• HMS-rapportering
• Delta på byggjemøte - referatskriving
• Foreta innkjøp- utarbeide konkurransegrunnlag og innhenting av tilbod
• Støttefunksjon innan ulike datasystem
• Sakshandsame vegsaker
Kvalifikasjonskrav:
• Utdanning frå høgskule med relevante fag, min.2 år/ eller teknisk fagskule. For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, eventuell etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.
• Relevant IT-/økonomi kompetanse
• Førarkort for bil (klasse B)
For alle stillingane legg vi vekt på:
• Erfaring frå liknande arbeid og kjennskap til kjøp og kontrahering
• Kunnskap om regelverk og forskrifter innan relevante fagfelt
• God skriftleg og munnleg framstillingsevne
• At du er sjølvstendig, målretta og jobbar strukturert
• Gode samarbeidsevner og at du er aktivt med på å skape eit triveleg arbeidsmiljø
• Fleksibilitet til arbeidsoppgåver
Lønns- og arbeidsvilkår
Stillingane vert lønna mellom lønssteg 35, kr 316 400 og lønssteg 64, kr 510 200 pr. år, alt etter kvalifikasjonar. Det vert trekt 2 % til Statens pensjonskasse. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. Vi tilbyr gode velferdsordningar og moglegheiter for kompetanseutvikling. Fleksibel arbeidstid.
Etaten har likestilling som mål. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad gjenspeile mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttera personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn samt personar med redusert funksjonsevne vert difor oppmoda til å søkja stillingane.
Nærare opplysningar om stillingane kan ein få ved å kontakte seksjonsleiar Lars Øyre på mobil 908 25 865 og Gunhild Vangsnes på mobil 95088609
Søknad sendes via vår jobbportal: www.vegvesen.no/jobb ( utlysningsnr 3-055-10)
Sagt om tilrettelegging:
Nyheter
Ledige stillinger på RSS.
