Førstekonsulent/rådgjevar (vikariat)
I Samlivs- og likestillingsavdelinga har vi ledig eit vikariat knytta til oppgåver innafor temaet likestilling og anti-diskriminering.
Avdelinga arbeider med eit breitt spekter av saker på områda barn og foreldre, familie, samliv, personer med nedsett funksjonsevne, likestilling/antidiskriminering og vald. Avdelinga har 41 medarbeidarar og eit leiarlag på 5. Avdelinga er organisert i lag med mykje ansvar lagt til den einskilde medarbeidar og krav om samarbeid på tvers.
Arbeidet vil vere ei blanding av utgreiings- og prosjektoppgåver, behandling av enkelthenvendelsar og informasjonsverksemd. I tillegg må det påreknast eit breitt spekter av oppgåver innafor avdelinga sitt fagområde knytt til rolla som sekretariat for politisk leiing. Den som vert tilsett må og pårekne å ta del i oppgåver innafor andre område av avdelinga sitt saksfelt.
Det vert krevd høgare utdanning på mastergradsnivå helst samfunnsvitenskap. Det vert lagt vekt på relevant røynsle frå offentlig forvaltning, helst frå departement. Det vert også lagt vekt på kompetanse knytt til diskrimineringsgunnlagene kjønn og etnisitet. Det vert krevd god evne til samarbeid i eit tverrfagleg miljø og evne til å arbeide sjølvstendig og målretta. Det er naudsynt med god skriftleg og munnleg framstillingsevne. Det vert lagt vekt på at søkjaren er personleg eigna til stillinga. Vikariatet varer frå 19. mars 2012 til 4. februar 2013.
Lønnspenn førstekonsulent 372 700 - 456 100 / rådgjevar 404 600 - 499 500
Staten som arbeidsgjevar skal utnytte den fulle breidda i kompetansen til innbyggjarane. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle att mangfaldet i samfunnet når det gjeld kjønn, alder, seksuell orientering, funksjonsevne, etnisitet og religion. Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet er IA-verksemd. I dette ligg det bl.a. at vi vil sørgje for tilrettelegging på arbeidsplassen der det trengst. For å få ein betre kjønnsbalanse i departementet, oppmodar vi menn om å søkje.
Ein kan få nærare informasjon om stillinga ved avdelingsdirektør Inge Ovesen tlf. 22 24 21 78 eller konstituert avdelingsdirektør Thea B. Skarstein, tlf. 22 24 78 66.
Merk søknaden ”SLA-01/12”. Søknadsfrist: 14. februar
Nyheter
Ledige stillinger på RSS.
