Søknadsfrist: 30.06.2010
Arbeidsgiver:
Statens vegvesen
Kontaktperson:
Wenche Midtun
Tlf: +47 57655856
Har du lyst å jobbe som arkivmedarbeidar i Statens vegvesen?
Vi søker etter ein ny medarbeidar som kan jobbe saman med oss på arkivet. Stillinga er knytt til internservice på administrasjonsavdelinga og kontorstaden vert ved regionvegkontoret på Leikanger. Avdelinga skal yte støtte til regionen for alle administrative funksjoner, samt syte for at dei administrative tenestene vert utførte i samsvar med gjeldande retningsliner.
Arbeidsoppgåver:
• Kvalitetskontroll av journalopplysningar
• Journalføring
• Arkivering
• Postmottak og fordeling av regionen sin post
• Drive opplæring og bistå saksbehandlarane i bruk av arkiv- og saksbehandlingssystemet
• Delta i effektiviseringa av det faglege arbeidet
Kvalifikasjonskrav:
• Arkivfagleg utdanning eller fagbrev innan kontorfaget
• Relevant yrkeserfaring frå privat eller offentleg sektor kan kompensere for utdanningskravet dersom ein i tillegg har gode personlege forutsetningar for stillinga
Personlege eigenskapar:
• Strukturert, grundig og produktiv
• Løysingsorientert
• Evne til og motivert for å arbeide i team
• Evne til å ta ansvar og å arbeide sjølvstendig
Vi kan tilby:
• Gode tilbod for personleg og fagleg utvikling
• Eit godt arbeidsmiljø
• Skyss og kostgodtgjersle etter offentleg regulativ
• Pensjonsordning
• Løn innan lønsspennet 34-44 som tilsvarar frå kr 302 800,- til kr 350 000,- pr år alt etter kvalifikasjonar. I spesielle tilfelle kan høgare løn vurderast.
Etaten har likestilling som mål. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad gjenspeile mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn eller personar med nedsett funksjonsevne.
Nyheter
Ledige stillinger på RSS.
