Hopp til hovedinnhold




Du er her: Forside / Ledige stillinger / IKT-medarbeidarar - lokal IKT


Sidemeny


Søknadsfrist: 24.07.2010

Arbeidsgiver:
Statens vegvesen

Kontaktperson:
Harald Oterhals

IKT-medarbeidarar - lokal IKT

Statens vegvesen har eit landsdekkande støtteapparat (BSS) som løyser ca. 80% av alle meldte problem frå brukarane. Problem som dette støtteapparat ikkje løyser, må brukarnære IKT-medarbeidarar ta seg av.

Til våre kontor i Stavanger og Bergen søkjer vi nye medarbeidarar til å løyse slike brukarnære oppgåver.

Ansvar og arbeidsoppgåver:

• Løyse brukarmeldte IKT-problem

• Installasjon og drift av pc’ar, periferiutstyr m.v.

• Arbeid tilknyta datarom (servere og kommunikasjonsutstyr)

• Delta i ulike prosjektretta arbeidsoppgåver

Krav til kvalifikasjonar:

• IKT-utdanning frå universitet eller høgskule (minimum 3 år), eller annan relevant utdanning som er nødvendig for å dekke stillinga. For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

• Det er ønskjeleg med tidlegare arbeidserfaring, men dette er ikkje eit absolutt krav

Eigenskapar som vil bli vektlagde:

• Evne til å ta initiativ, jobbe sjølvstendig og strukturert

• Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

• Entusiasme og godt humør

Vi kan tilby:

• Løn etter nærare avtale jamfør etatens lønspolitikk

• Spanande arbeidsoppgåver i ein etat i stadig utvikling

• Gode utviklingsmuligheiter i ein stor, landsdekkande IKT-organisasjon

• Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar

• God pensjonsordning

Etaten har likestilling som mål. Den statlege arbeidsstyrken skal gje eit bilete av befolkningssamansetjinga generelt, og det er eit personalpolitisk mål å nå ei balansert samansetning med omegn til alder og kjønn og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppfordra til å søkje stillinga.

Vegdirektoratet er ei IA-verksemd. Arbeidstilhøva vil bli tilpassa for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.


Nyheter

Ledige stillinger på RSS.

Sagt om tilrettelegging:


Developed by Grenland Web - Powered by eZ Publish - Logg inn