Søknadsfrist: 11.02.2012
Arbeidsgiver:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Fylkeshuset
6404 Molde
Kontaktperson:
Ass.fylkesmann Kjeld Brecke
kjeld.brecke@fmmr.no
Tlf: 71 25 84 42/480 22 403
Seksjonssjef - verjemål
VERJEMÅLSREFORMA
Den nye verjemållova inneber store endringar i verjemålsforvaltinga, både rettsleg og organisatorisk. Oppgåvene til dei kommunale overformynderia vert overført til fylkesmannen i kvart fylke medan dei kommunale overformynderia blir lagt ned. Fylkesmannen skal være førsteinstans ved sakshandsaming etter verjemålslova og vil ha ei stor enkeltsaksmengd. Verjemålsreforma krev ei omfattande kontakt med verjer, personar under verjemål, pårørande og andre i det lokale helse- og sosialtenesteapparatet.
Vår nye verjemålsseksjon vil frå den nye verjemålslova og verjemålsreforma si ikrafttreden 01.07.2013 vere fullt bemanna med 6-8 medarbeidarar og vi skal no å tilsette leiaren. Forutan personalansvar for medarbeidarar i seksjonen, vil både regelverket som skal forvaltast og rolla som lokal verjemålsstyresmakt være ansvar og oppgåver som må etablerast både internt og eksternt.
Formålet med den nye verjemålslova er
• å styrke rettstryggleiken for personar som sjølv ikkje er i stand til fullt ut å ta vare på sine interesser.
• å skape større grad av rettslikskap i verjemålsforvaltninga
• å byggje opp ei ny, moderne og effektiv verjemålsforvalting.
Vi søkjer nå:
Seksjonssjef - verjemål til å leie det operative arbeidet med oppgåver etter ny verjemålslov. I tida fram til lova trer i kraft, vil seksjonssjefen arbeide med å etablere ei verjemålseining i embetet samt å leggje tilhøva til rette for lovendringa.
Hovudoppgåvene vil vere:
• Administrativ leiar for verjemålsseksjonen
• Organisere arbeidet i verjemålsdistriktet
• Fagansvar i høve verjemålsforvaltinga
I etableringsfasen fram til lova si ikrafttreden vil hovudoppgåvene m.a. vil vere:
• Byggje opp organisasjonen slik at embetet er rusta til å overta arbeidet med verjemål.
• Leggje til rette for at sakene frå kommunane blir overført på ein trygg måte
• Ivareta eit opplærings- og informasjonsbehov i forhold til verjer, personar under verjemål, pårørande m.fl.
• Avklare kven av dei kommunalt tilsette i overformynderia som har rett til å følgje med over til ny arbeidsgivar (Staten).
Som seksjonssjef ønskjer vi ein person:
• med relevant utdanning på høgskule eller mastergradsnivå. Vi ønskjer primært ein jurist, også andre særleg kvalifiserte med anna fagbakgrunn vil vere interessante søkjarar
• med god administrativ/organisatorisk kompetanse
• som er løysningsorientert og handlekraftig
• som evner å skape tillit i sin kommunikasjon med andre
Erfaring frå offentleg forvaltning vil vere ein føremon.
Vi kan tilby:
• Ein utfordrande jobb i eit utviklande og godt fagmiljø
• Lønn som seksjonssjef i kode 1211 i statens lønnsregulativ fastsett etter nærare avtale ut frå kvalifikasjonar og erfaring
• Fleksibel arbeidstid og medlemskap i Statens pensjonskasse, med gode forsikrings- og låneordningar. Frå løna vert trekt 2% innskot til pensjonskassa.
Dei første 6 månadene er prøvetid. Tilsetjinga skjer etter gjeldande lover, instrukser og reglement. Vi brukar som hovudregel nynorsk som skriftspråk. Den som vert tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg. Utviklinga av vår organisasjon er ein kontinuerlig prosess, og den som vert tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.
Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25, 2. punktum. Meir informasjon om Fylkesmannen i Møre og Romsdal sine oppgåver og organisering finn du på: www.fmmr.no
Nærare opplysningar:
Ass.fylkesmann Kjeld Brecke, tlf 71 25 84 42/480 22 403,
e-post: kjeld.brecke@fmmr.no
Underdirektør Helge Mogstad, tlf 71 25 84 44/926 42 280,
e-post: helge mogstad@fmmr.no
Søknadsfrist: 11.02.2012
Vi oppmodar våre søkjarar til å bruke vårt elektroniske søknadsskjema: www.fmmr.no/utlysing Merk søknaden med stilling nr. 1201.Alle som søker må sende kopier av attestar og vitnemål anten gjennom det elektroniske skjemaet eller i posten.
Personar som meinar å ha rettskrav på fortrinnsrett til stillinga som seksjonssjef for verjemålseininga hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal etter reglane om verksemdsoverdraging i arbeidsmiljølova, må gjere dette gjeldande i søknaden.
Fylkesmannen i Møre og Romsdal ønskjer mangfald, og vi oppmodar difor alle kandidatar som er kvalifisert til å søkje med ulik utdanning, arbeids- og livserfaring, utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevna, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Nyheter
Ledige stillinger på RSS.
